onsdag 27. juli 2022

Direktelink til sida mi på facebook.

 Her kan du finne direktelinken til den offisielle Facebook-sida mi der eg legger ut nye ting som eg lager.

                     HEIMALAGA av HEGEAE

søndag 21. juni 2015

Bursdagskort med sommerfugler

Etter at eg fekk min silhouette til bursdagen i år har det blitt mange kort eg har laga. Enten for salg eller fordi nokon av barna mine trengte eit kort til ein eller annan bursdag.

Her er det siste bursdagskortet som eg har laga til no. Malen har eg henta frå denne sida her
www.birdcards.com. Dei har mange gratis cuts for dei med silhouette-maskiner. :)



torsdag 14. mai 2015

Årets konfirmasjonskort

I år har det blitt laga ein del konfirmasjonskort.













Mesteparten er kutta ut med min Silhouette Portrait. Ellers har eg og begynte med å fargelegge med Promakers. Og det er ein ny verd for meg innan scrapping. Moro er det og.

Neste scrappeprosjekt blir av musikalsk art. Noter og musikk som tema. Men, no er det scrappepause. For no etter 17.mai så skal eg ta til med strikkemaskina og strikke eit babyteppe. :)


onsdag 29. april 2015

Scrappesjuke i fleire veker.

No har eg site ned ei kjellerstova i dag ut og inn i snart 4 veker og kun scrappa. Det har for det meste gått i konfirmasjonskort. Når konfirmasjonshelgene har vert, så legger eg bilete av korta ut på nett. Det vil seie, dei som allereie er solgt og er spesialbestilling. Så lenge så er dei ein hemmeligheit. Er kun i ei gruppe på Facebook dei er lagt ut.

Har nettopp hatt ei opprydning igjen her på scarppebordet mitt. Driver og på å sortere alle papira mine i farger. Kjøpte no nydleg eit heimearkiv som eg kan ha alle arka oppi sortert etter farger og anna.
Eg får i det minste system på alle fargene. Trudde eg ikkje hadde så mange forskjellige farger.  Men, eg tviler eg tar vare på alle rester. Dei som ikkje går i kuttaren, havner i bosset.


Siste prosjekt eg skal i gang med blir ein eksplosjonsboks som skal bli eit konfirmasjonskort. Men, det får bli over helga. Trenger litt meir ark for å lage boksen. Har ikkje dei riktige fargene her no.

mandag 23. mars 2015

Bordkortmal

Er medlem av ei scrappegruppe på Facebook og vart inspirert av ei anna der inne som laga kort med hjerte. Så da vart eg bitt av hjertebasillen og laga 2 varianter. Eit som eignar seg betre til bordkort, og eit konfirmasjonskort. Har og begynt å leike meg med ProMakers. Så konfirmasjonskortet har eg fargelagt sjølv. Bilete er henta frå nett.
Ellers så bruker eg silhouetten min til å kutte ut med. Konfirmasjonskortet så har eg laga malen sjølv. Det andre har eg lasta ned gratis i frå Birdcards. Moglegheitene er større med ein Silhouette.





tirsdag 10. februar 2015

Prinsessekort

Nok ein bursdag er i vente. Slik er det å ha barn på skulen. Så da lager mor eit bursdagskort til. Det er jo kjekt med Portraiten min som kutter og teiknar det eg vil ha. Ein del papirforbruk blir det når ein ikkje blir fornøyd.

Denne gangen har eg laga eit lite prinsessekort til ei jente som blir 8 år.
Mønsteret har eg lasta ned gratis frå denne sida her.
www.birdscards.com
Mange gratis filer for Silhouette maskiner.

Dobbel prinsessekort.


Her har eg brukt filtpenner i Silhouetten og teikna ansiktet. Munnen kom til på skeiva,
Prinsesse med konvolutt

Konvolutten har eg lasta ned frå Silhouette sine eigne sider.


torsdag 29. januar 2015

2 bursdager på ein og same dag.

I den anledning så laga eg 2 bursdagskort. Eit for at yngste dattera mi var invitert og skulle i besøk. Det andre var til tanta mi.

Sidan det første kortet var til ei jente, så måtte eg laga noko typisk til jente. Eg kasta meg like gjerne over eit slott. Kutte opp mange biter for så og setje dei saman igjen. Og det utan noko bruksanvisning. I vertfal ei forståeleg ei. Men, slik vart resultatet.







Kort nr 2 vart litt meir av den enklare typen. Avansert nok for andre. Det som tok tid med dette var å fjerne alle bitene. I dag eller rettare sagt i går, så kom blant anna blyantholdaren til Silhouetten min. Og sjølvsagt måtte eg teste den ut og. Så eg fant ei ramme som eg teikna rundt med og så skreiv gratulerer inni. Deretter så kutta eg kun sjølve ramma rundt. Med den metoden så trenger eg ikkje noko stempel. Men, ein kan ikkje ta ut matta før ein har kutta ut motivet ein skal bruke. Eg har og planer om å prege og. Kanskje eg skal prøve pregepennen som eg har som penn.

No framover skal eg lage små kort og ha liggande på lur.