mandag 14. juli 2014

Eksplosjonskort nr 1

Når søstera mi skulle vere konfirmant, måtte eg sjølvsagt lage eit spesielt kort til ho. Så det vart det første ekplosjonskortet mitt.

Dette er litt annerleis enn dei 2 andre eg har laga. Her er det fleire lag som eg hadde stempla inn nokre dikt og skrive ut og.

Inne i boksen hadde vi gåve til konfirmanten. Og den passa akkurat. :)

Det kortet der tok litt lang tid, så difor begynte eg vidare med ein enklare variant.



Ekplosjonskort nr 3

Sidan eg har blitt litt hekta på eksplosjonskort, så brukte eg meir eller mindre ein heil dag på å lage bursdagkort til ei dame på 50 år. Og sidan det er sumar og bursdagsbarnet er født midt på sumaren, så måtte tema for kortet og bli sumar.





Bordkort endeleg ferdig.

Når ein skal gjere ting sjølv til sitt eige bryllup er det veldig lurt å vere ute i god tid. 3 veker igjen til den store dagen. No venter eg kun på meir lilla har slik at eg kan få dei siste ferdig, så er bordkorta ute av verden. Og godt er det. :)


søndag 6. juli 2014

Bryllupskort


Min andre eksposjonsboks

Og sjølvsagt måtte eg lage eit slikt bryllupskort. 
Og eg vart fornøyd og.
Malen henta eg frå denne sida her:

Med litt hjelp frå dattera mi på 5,5 år, så kom ideen
om å putte blomster ned i hullet på namnelappen, eller tag som det og heiter.

Kortet laga eg til min bror og svigerrinne som gifta seg for akkurat 8 dager sidan.

Ark og papir var ei slik bryllupspakke eg kjøpte. Kvar eg kjøpte det, hugsar eg ikkje. Enten panduro eller Staples eller var det kanskje Scrappekjellaren i Haugesund.