onsdag 23. november 2011

Bursdagskake

Første og siste gang eg bruker jordbærmousse frå Dr Oekhter. For det smaka ikkje godt saman med  sjokoladekaka.


mandag 14. november 2011

Eit sko-kort.

Nokon har skodilla, andre har scrappedilla. Eg er kun inne i ein scrappe-periode. Passer eigentleg ikkje rett før jul, men når alle desse bursdagane er over, så blir det julekort-scrapping + julelappene.
Mønsteret på denne skoen fant eg på denne sida her: Kreative Hender AS

Denne skoen var enkel å lage. Er heller ikkje heilt ferdig. Mangler litt her og så den kan bli ferdig.

Nok eit skuffekort.......

Det har blitt ein del av desse korta her no. Kortet er ikkje heilt ferdig enno. Trenger litt meir "stæsj" til det, så blir eg nok ferdig. Sløyfa er faktisk pakkeband som eg har kjøpt på den lokale butikken her. Fine til å bruke til scrapping. Min sambo seier at eg nesten har scrappa ein heil kommode. Og han satte eg jammen på ein ide her. :)


søndag 13. november 2011

Farsdagskort

Nok eit skuffekort produsert seint om kvelden. :-)


Gratulera med dagen til alle fedre i dag. :)

Den 13.11.11 er det nok ein gang farsdag. Her i huset er det den 3. gangen vi feirer farsdag.  Og da må det kake til, spesielt når far elsker kaker. Det beste er og når barna pynter kaka. Med litt hjelp frå mor med å ordne til marsipan som pynt på kaka var det berre til å sette i gang. Mor har og baka kake fylt den og tatt på glasur. Resten har jentene gjort, med litt hjelp frå mor da. Måtte lage litt figurer sjølv.



Ellers gjekk litt av natta med til å lage enda ei skuffe-kort. Denne gangen var det til farsdagen. Er jo litt moro å lage slike kort. Men, no begynner eg nesten å gå tom for litt papirer og slikt. Bilete av farsdagskortet kjem etterkvart. Må ta eit nytt bilete. Det vart for uskarpt.

fredag 11. november 2011



Jule-skuffekort

Fant ei side på nett om korleis ein kunne lage skuffekort, Marit's lille scrappingverden. Dette måtte eg og prøve å lage. Så i går kveld lagde eg den første. Tar tid, men moro når resultatet blir ferdig. Den fekk mi eldste datter. Så lagde eg eit kort til den yngste dattera mi og. Det blir nok fleire og. Men, da blir det bursdager eg skal lage til. Så var det å finne den vetle gava som skal vere oppi skuffa da. :)