fredag 6. september 2013

Scrappe veske og gavekort.


Når ein skal i 40-årsdag og vedkomande har scrapping som hobby, måtte det bli noko med scrapping. Eg er vel nybegynner i forhold til mange andre rundt omkring i området her eg bur.

Etter ein tur til Panduro kjøpte eg nokre lykkeposer, og den innehold ein mal for veske som ein kunna lage i papir og pynte. Så da var det berre å teste korleis det var å lage. Og det var kjempegøy. At det blir fleire slike, blir det nok ja. Ikkje var veska vanskeleg å lage heller.




Og i "innpakingspapiret" eit gavekort frå Panduro.
Og det måtte ein sjølvsagt pynte på og.





fredag 14. juni 2013

Enda eit nytt nattprosjekt

Eller det var vel kanskje fleire nattprosjekt. 3 kortspill rappen til storajento som fyller 10 år idag. Og da må ein lage kort til alle. Det eine kortet har vetlasysto laga sjølv. Og 4 pakker vart det og om morgonen før skuledagen. No mangler eg kun litt glitter og stas i scrappetingene mine til å pynte med. Hadde gjort seg det.


torsdag 4. april 2013

Nattprosjekt Bursdagskort

Er det ikkje slik når ein har sjuke barn at det dukker opp ein bursdag. Og da får ein ikkje ordna med bursdagspresang og det heile. Så da blir det "man tager det man haver."

Og da finner ein fram ei billeg IKEA-ramme og maler og pynter den. Kort mål ein jo lage sjølv. Moro er det og. Sjølv om det blir litt over midnatt før ein får komt seg i seng.