fredag 6. september 2013

Scrappe veske og gavekort.


Når ein skal i 40-årsdag og vedkomande har scrapping som hobby, måtte det bli noko med scrapping. Eg er vel nybegynner i forhold til mange andre rundt omkring i området her eg bur.

Etter ein tur til Panduro kjøpte eg nokre lykkeposer, og den innehold ein mal for veske som ein kunna lage i papir og pynte. Så da var det berre å teste korleis det var å lage. Og det var kjempegøy. At det blir fleire slike, blir det nok ja. Ikkje var veska vanskeleg å lage heller.




Og i "innpakingspapiret" eit gavekort frå Panduro.
Og det måtte ein sjølvsagt pynte på og.