torsdag 29. januar 2015

2 bursdager på ein og same dag.

I den anledning så laga eg 2 bursdagskort. Eit for at yngste dattera mi var invitert og skulle i besøk. Det andre var til tanta mi.

Sidan det første kortet var til ei jente, så måtte eg laga noko typisk til jente. Eg kasta meg like gjerne over eit slott. Kutte opp mange biter for så og setje dei saman igjen. Og det utan noko bruksanvisning. I vertfal ei forståeleg ei. Men, slik vart resultatet.







Kort nr 2 vart litt meir av den enklare typen. Avansert nok for andre. Det som tok tid med dette var å fjerne alle bitene. I dag eller rettare sagt i går, så kom blant anna blyantholdaren til Silhouetten min. Og sjølvsagt måtte eg teste den ut og. Så eg fant ei ramme som eg teikna rundt med og så skreiv gratulerer inni. Deretter så kutta eg kun sjølve ramma rundt. Med den metoden så trenger eg ikkje noko stempel. Men, ein kan ikkje ta ut matta før ein har kutta ut motivet ein skal bruke. Eg har og planer om å prege og. Kanskje eg skal prøve pregepennen som eg har som penn.

No framover skal eg lage små kort og ha liggande på lur.



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen kommentarer. :)